fredag 8. januar 2010

Heit juice


Her kjem eit samandrag og bokmelding av boka Heit Juice som er skrevet av Kolbjørn Hauge. Denne boka er faktisk umulig å leggje ifrå seg, så du burde ikkje gå glipp av den!

Anton Lillebergen er glad i appelsinjuice og han er ein rydde-freak, som har system og orden i alt han eig. Han blir ein dag funnet død av eit Jehovas vitne som går rundt å misjonerar. Døra til heimen has står åpen, og han ligg død på kjøkkengolvet. På kjøkkenbordet er det dekt på til frukost, men all maten er gamal og muggen. Når mannen obduserast, finn dei arsenikk i blodes has. Døyde han av hjarteinnfarkt, eller vart Anton Lillebergen forgifta?

Samtidig blir kona has sporlaust borte, og dessutan vildar eit par postranarar seg inn i drapsaka på ein uforklarleg måte. Folk bryt seg inn på eigendommen og inn i husa til den avdøde, komodeskuffer ligger strødd rundt om kring i huset, samtidleg som hagla frå våpenskapet has bli stolen, eller "lånt". Ein juicekartong er borte frå matkjellaren. Kven har nytte av å stele éin juicekartong? Eller vart den stolen?

Kripos blir tilkalla, og fleire og fleire spor og oppdagingar og mange folk får på ein eller annan måte ein tilknytting til desse handlingan, og blir brukt som ledetrådar og bevis for å finne mordaren, den forsvunnede kona og postranarane. Ein kvit handlepose med ein flygande elefant går gjennom boka som ein slags raud tråd. Det er også andre små detaljar som binder boka samen, som f.eks. ein maleri-signatur "thor". Det er alle desse småmomentene som gjer boka så spennande, og at klimaks i boka ikkje kjem før heilt til slutt, då alle brikkane fell på plass.

Løysninga er ganske så overraskande og annerleis enn det ein har forestilt seg.

Terningkast 4
Boka er på 264 sider

3 kommentarer:

  1. dette høyrdes ut som ein spennande bok, men kva var det som dro karakteren ned?
    hvis den var så god som du intuierar til her, så burde han kanskje fått meir enn fire?
    eg lurar på om dette kanskje er boka for meg nestegong vi skal lese ein nynorskbok i norsken ;)

    SvarSlett
  2. Boka høyres ganske spennande ut!
    Sidan du stillar nokon spørsmål innimellom, får ein nesten lyst til å lese boka! BRA:)
    men sidan du synes boka var så bra, ville eg sjølv satt ein femmar kanskje!;)
    Men det var ein gjennomført god omtale!

    SvarSlett
  3. God bokmelding. Du får godt fram kva romanen handlar om og kva du synest er fengande ved den. Du fortel på ein slik måte at ein får lyst til å lese den.

    SvarSlett